Rekneskapsførar i Sogn
Accountor Sogn er din lokale rekneskapsførar i Sogn, me har halde til her ved mektige Sognefjorden sidan 1980-talet. Me er åtte tilsette, herav fire statsautoriserte rekneskapsførarar – og alle har lang erfaring.
Lokal tilhøyrigheit og tilgjengelegheit er viktig for oss - Accountor Sogn er 100% lokaleigd. I tillegg har me ressursar og kompetansen til meir enn 2300 kollegaer i sju land med på laget.
Accountor Sogn har eit sterkt engasjement rundt lokal ekspertise. Me har kontor i Vik og Balestrand noko som gjer oss tilgjengelege for bedrifter i heile regionen. Uansett kvar du er, er vi klare til å møta behova dine og tilby tenestene våre der du er.
Vi rekrutterer! Nå kan du få denne dyktige gjengen som nærmeste kollega. Sjekk ut annonsen her: https://ats.talentadore.com/apply/jobs/8rqxgn
Kontakt oss i dag for ein prat:
- Vik
Vikjatunet
6893 Vik i SognTelefon: 57 69 58 96
Accountor Sogn | Økonomi Sogn AS
Org. nummer: 979 947 143
- Balestrand
Holmatunet
6899 Balestrand
Telefon: 57 69 58 96
Accountor Sogn | Økonomi Sogn AS
Org. nummer: 979 947 143
Me likar å telja. Bak alle suksessar ligg lidenskap. Vis oss din lidenskap – få endå betre resultat!
Totalleverandør av rekneskap, løn og rådgjeving
Kompetansen vår, etter mange år i bransjen, er allsidig og strekker seg langt. Accountor Sogn tilbyr problemfrie og sikre løysingar for framtida, slik at du kan fokusera på kjerneverksemda di.
Me veit kor viktig det er å ha ein påliteleg partnar for rekneskap og økonomisk rådgjeving, og me jobbar hardt for å vera nettopp det for deg. Accountor er totalleverandør av alt innan rekneskaps- og rådgjevingstenester (rådgjeving, fakturering, rapportering, lønnshandtering, personaloppfølging, sjukepengehandtering, reiserekningar m.m.). Me har eigne dedikerte spesialistar på lønn, inkasso og økonomisk rådgjeving.
Hos oss finn du nyaste teknologi og beste praksis i bransjen, noko som gjer at me kan tilby kundane våre effektive og moderne løysingar for alle rekneskapsbehov. Me legg stor vekt på å byggja langvarige relasjonar med kundane våre, og me er alltid tilgjengelege for å svara på spørsmål og gje råd. Målet vårt er å hjelpa deg og bedrifta di med å lykkast og veksa. Lat oss vera den strategiske forretningspartnaren din!
Kundane våre kan sjekka sitt skybaserte rekneskap når som helst på døgnet. Ynskjer du ein påliteleg samarbeidspart innan økonomi og rekneskap, så er Accountor Sogn eit godt valg. Ved å overlata rekneskapen din til oss, kan du fokusera på å driva verksemda di, medan me tek oss av det økonomiske.
Skreddarsydd for suksessen din
Kundane våre driv innan mange ulike bransjar, både små og store.
Me forstår at kvar bedrift er unik, og difor tilbyr me deg og bedrifta di tilpassa tenester innafor rekneskap, lønn og rådgjeving. Dette er viktig for å løysa bedrifta di sine spesifikke behov, enten det er behov for strategisk planlegging, kostnadskontroll eller investeringsråd - er dei økonomiske ekspertane våre klare til å rettleia deg på vegen til suksess.
Kombinasjonen av svært dyktige fagfolk med lokal ekspertise og høg effektivitet gjer det lettare for oss å alltid levera det me skal, i tide. Gjensidig tillit og respekt er avgjerande for godt samarbeid.
Ser du etter eit rekneskapsfirma i Sogn? Ynskjer du å automatisera rekneskapen i di bedrift? Ta kontakt med oss for ein demo eller eit uforpliktande tilbod
Kontakt oss for et tilbod!
Les om kva våre kundar synes om oss
Lokal kompetanse og digitale løysingar
Også artistar må ha kontroll på økonomien – sjølv om kvardagen kan vere hektisk med turnear og studioinnspelingar. Teamet rundt Kjartan Lauritzen har mange jern i elden, og då er det godt å få hjelp med rekneskap og økonomi frå ein proff samarbeidspartnar.
«Accountor hjelper oss med å løyse det meste innan rekneskap og økonomi. Vi kan stole på at dei gjer smarte valg for oss – for økonomi er vi ikkje så gode på sjølv. Accountor gir oss råd om ting som kan gjerast på ein smartare måte, og seier tydeleg frå når det er ting vi må gjere som hastar»
Sauebonden godkjenner rekningar rett frå mobilen
Renate Rendedal driv som sauebonde i Balestrand, og sjølv om ho er travelt oppteken med å ta seg av 80 vinterfôra sauer gjer ho mykje av rekneskapet sjølv. I programmet Duett kjem fakturaene inn automatisk, og ho sender også ut fakturaer elektronisk.
Balholm og Ciderhuset får gode råd til lønsom drift frå Accountor
Høyr kva våre kundar har å seie om oss:
«Accountor er først og fremst ein viktig rådgjevar for oss, for vi har tre veldig ulike selskap. Det gjer at vi også har «tusen» ulike problemstillingar i drifta,» fortel den daglege leiaren, og kjem med døme:
«Accountor rådfører oss om alt frå korleis vi skal handtere tips til dei tilsette som jobbar i restauranten når det gjeld skatt, til nye forskrifter for kontantomsetning i butikk eller korleis vi skal handtere fruktoppgjeret på hausten til dyrkarane».