Hopp til hovedinnhold
Berdal Røyt og Sanitær er godt fornøyd med Accountor som regnskapsfører

Merete var skeptisk til å automatisere rekneskapet

Mykje har skjedd med digitaliseringa av rekneskapet sidan røyrleggjarverksemda Berdal Røyr og Sanitær AS starta opp i 2003. Då var alt på papir, men no har dei fått på plass digitale løysingar som gjer at dei kan gjera mykje i rekneskapet sjølv.
Sjølv om Merete Berdal var skeptisk i starten, er ho blitt godt fornøgd med dei automatiserte løysingane.

 

Godt fornøgd med å elektronisk fakturabehandling 

Merete og mannen Aslak driv røyrleggjarverksemda Berdal Røyr og Sanitær AS i Vik i Sogn. Aslak utfører røyrleggjartenester, og Merete tek seg av den tilhøyrande butikken der dei sel røyrdeler, interiørartiklar og hudpleieprodukt.

Med Accountor si hjelp har dei nyleg starta med elektronisk fakturabehandling i PowerOffice Go, og det sparar dei for mykje manuelt arbeid. No blir både innkommande og utgåande fakturaer behandla automatisk, slik at dei heller kan bruka tida si på å drifta verksemda. 

Det var ikkje berre-berre å få Merete over på elektroniske løysingar i rekneskapet, for ho trivst godt med å jobba på papir. No er ho likevel veldig fornøgd med å vera i gang med elektronisk fakturabehandling: 

«Eg var jo veldig skeptisk då eg skulle begynna med automatiserte løysingar for rekneskapet vårt,» fortel Merete. «Eg er ei som vil gjera alt på gamlemåten, men då eg kom i gang med PowerOffice Go og begynte å læra, så var alt heilt supert. PowerOffice gjer at det blir mindre manuelt arbeid på meg».

Slepp å tasta KID-nummer  

Det var Anne og Lasse hos Accountor Sogn som måtte pushe litt på for å få Merete til å digitalisera rekneskapet. No er ho over på PowerOffice-systemet, og kan sjølv gå inn og halda oversikt over varelageret når som helst. Rekningane kjem automatisk rett inn i systemet, der Merete kan lesa rekninga direkte, trykka «godkjenn» og autorisera den før den vert betalt. Her er det ingen manuell tasting av KID-nummer eller annan fakturainformasjon.

«Randi hos Accountor tok tak og ba leverandørane mine om å senda fakturaer til meg elektronisk. På den måten får eg det automatisk inn i PowerOffice, so slepp eg å få papirfakturaer,» fortel Merete.

Meir digitalisering i framtida 

Nokre fakturaer frå leverandørar kjem fortsatt på papir, men det synest Merete fungerer fint: «Alle vil vel helst ha alt elektronisk no for tida, men eg likar jo litt dette papiret,» innrømmer ho.

Annakvar månad går ho innom Accountor og leverer resten av rekneskapet i permar. «Eg ser ikkje for meg at eg vil kvitta meg heilt med permane mine med det første, for det er jo koseleg å gå innom Accountor og slå av ein prat. Dei er alltid smilande og blide når eg kjem inn. Rekneskapet mitt blir heilt sikkert meir digitalisert i framtida, og eg får nok beskjed frå Accountor når dei synest at det er på tide at eg digitaliserer endå meir. Og då blir eg jo med på det også,» avsluttar ho lurt.

Sjølv om Merete no kan gjera meir i rekneskapet sjølv er det fortsatt godt å ha Accountor med på laget som rekneskapsførar. Accountor hjelper til med dei store tinga i rekneskapet, og syter for at verksemda er oppdatert på alle lover og reglar. Dei hjelper også Merete med å digitalisera dei manuelle prosessane, og gir opplæring slik at ho kan ta seg av fleire ting i rekneskapet sjølv.

 

Digitalisering av rekneskapet er ikkje so vanskeleg som det kanskje høyrest ut som. Tvert imot - det gjer faktisk arbeidet enklare, sjølv for dei som ikkje er "ekspertar" på data. 

Gjør regnskapet enklere for deg selv

Faktura, på en bedre måte

Hvor mye tid bruker du på å fakturere?

Sannsynligvis mer enn du trenger! Kom i gang med elektronisk fakturering, så går nesten hele prosessen av seg selv. I tillegg unngår du slurvefeil.
EHF-faktura

Hva er egentlig EHF-fakturaer?

Elektronisk faktura forkortes til EHF. Men hva innebærer det? Lær om hvorfor en faktura på PDF ikke er det samme som en elektronisk faktura.
Skybasert regnskap

Vil du ta hele regnskapet opp i skyen?

Med skybasert regnskap har du oversikt over økonomien i bedriften til enhver tid. Bare prøv selv! Les mer om hvordan du kan digitalisere prosessene i ditt regnskap

Share