Hopp til hovedinnhold
Arktitektfirmaet Vikøren

Arkitektfirmaet gjer alt av fakturering sjølv

Å automatisere både innkommande og utgåande fakturaer sparer Arkitektfirmaet Jon Vikøren for mykje tid. Dei er fire sivilarkitektar som jobbar med byggjeprosjekt innan alt frå små hytter og hus, til store prosjekt som kontorbygg, skular og omsorgsbygg

 

Til å føre rekneskapet og køyre lønn har dei Accountor til å hjelpe seg, men alt av fakturering gjer dei sjølv. Det synest dagleg leiar Lin Marie Vikøren fungerer veldig fint:

«Me kom i gang med PowerOffice for ei stund sidan. I det systemet får vi inn alle fakturaer som vi skal betale, og vi godkjenner dei også direkte,» seier Lin Marie fornøgd, og held fram: «Vi lagar også alle fakturaene våre sjølv, og sender dei ut elektronisk». 

Enkelt å leite fram tidlegare bilag 

Å automatisere fakturaene og få alt elektronisk sparar bedrifta for mykje tid. Det gjer det også enkelt å gå tilbake og finne tidlegare rekningar, fortel Lin Marie. «I PO kan eg når som helst gå inn og finne fram bestemte bilag i historikken. Viss eg vil kan eg kjapt få fram oversikt over utgifter, inntekter og resultat».

Ho går ikkje inn og sjekkar rekneskapet kvar dag, men går inn på datamaskinen omtrent ein gong i veka og godkjenner rekningar. Utsending av faktura skjer ein gong i månaden. PowerOffice kan med andre ord brukast akkurat slik ein har behov for det, enten du må ha løpande oversikt over flyten kvar dag, eller har faste dagar der du betalar og sender fakturaer.

Vikøren Arkitektfirma
Med PowerOffice Go får arkitektfirmaet i Sogn god oversikt over alle fakturaer

Gjør regnskapet enklere for deg selv

Faktura, på en bedre måte

Hvor mye tid bruker du på å fakturere?

Sannsynligvis mer enn du trenger! Kom i gang med elektronisk fakturering, så går nesten hele prosessen av seg selv. I tillegg unngår du slurvefeil.
EHF-faktura

Hva er egentlig EHF-fakturaer?

Elektronisk faktura forkortes til EHF. Men hva innebærer det? Lær om hvorfor en faktura på PDF ikke er det samme som en elektronisk faktura.
Skybasert regnskap

Vil du ta hele regnskapet opp i skyen?

Med skybasert regnskap har du oversikt over økonomien i bedriften til enhver tid. Bare prøv selv! Les mer om hvordan du kan digitalisere prosessene i ditt regnskap

Share