Hopp til hovedinnhold
Artikkel
Fjorden i sogndal

Accountor i Sogn - din lokale rekneskapsførar

Spar tid med å leggja rekneskapen i skya  

Lurer du på kva som er den mest effektive måten å handtera rekneskapen for bedrifta di? Då kan rekneskap i skya vera løysinga for deg!   

Med skybasert rekneskap får du eit moderne og effektivt system der du enkelt kan lagra og organisera bedrifta di sine finansielle data på ein sikker og påliteleg måte. Hos oss bruker me fullautomatiserte system som Power Office GO og Uni Economy ein av dei største fordelene er at du får tilgang til all informasjon i sanntid på både PC og mobil – når det passar deg. Du får enkelt tilgang til dataene dine – kvar som helst og når som helst, slik at du alltid er oppdatert på den økonomiske situasjonen i bedrifta di. Dette gir deg større grad av kontroll over økonomien og me i Sogn kan hjelpa deg på vegen ved å rådgje deg – slik at du kan ta rette beslutningar og spara tid og pengar basert på tala dine. 



Me held til på Kaupanger, i Vik og i Balestrand

coffee-with-colleague-woman

Den beste medisinen - ein god sparringspartner   

Å ha ein god sparringspartner innan rekneskap er den beste "medisinen" for å sova betre om natta. Med Accountor som rekneskapsførar slepp du å bekymra deg for at rekneskapen er i orden, og du får hjelp med å ta dei riktige avgjerdene. Bruk heller tida di på det som er viktig for deg, og viktig for bedrifta di.  

Med Accountor som rekneskapsførar får du:  

  • Gode, skybaserte system som gir deg rekneskapstala i sanntid 

  • Rekneskapsførar med fagkompetanse innanfor rekneskap for bransjen din  

  • Fleksible løysingar ut frå behova dine  

  • Skalerbare løysingar som held følgje med bedrifta di når den utviklar seg 

Lokal tilhøyrigheit og tilgjengelegheit er viktig for oss  

Accountor i Sogn er 100% lokaleid og me har kontor i Kaupanger, i Vik og i Balestrand. I tillegg har me ressursar og kompetanse til meir enn 2300 kollegaer i sju land i ryggen. Me er totalleverandør av rekneskaps- og rådgivingstenester, og tilbyr effektive, fullt automatiserte, problemfrie og sikre løysingar for framtida. Om du vil ha ein påliteleg samarbeidpartner innan økonomi og rekneskap så er Accountor i Sogn eit godt val.   

Me elskar tal og resultat! La oss veksa med deg.   

Kontakt oss i dag. 

nature-summer-walk-women

Share